Arild Nyquist () var ein norsk forfattar, musikar, biletkunstnar og sceneartist.

Liv og virke Nyquist var fødd i Oslo som son til forfattaren Gerd Nyquist. Han byrja på Statens håndverks- og kunstindustriskole for å verta målar, men debuterte som forfattar i 1963 med romanen Ringer i et sommervann. Han utdanna seg ved Statens Lærerskole i forming og frå 1968 til 1976 arbeidde han som formingslærar i Lofoten, der han hadde budd sidan 1963. Den første diktboka hans Nå er det jul igjen! og andre dikt frå 1972 fekk kritikarane til å ta fram dei store orda, om ikkje nett godorda. Nonsensdikta fall ikkje i god jord hjå kritikarstanden. Inspirert av dette, blei diktet sterkt negativt framstilt også på Stortinget i ein debatt om Norsk kulturfond og innkjøpsordninga av ny norsk litteratur.

Etterkvart skulle både kritikarane og lesarane like bøkene hans betre. I tillegg til bøker av mange ulike slag laga han også plater der han framførte eigne tekstar til musikk.

Prisar og utmerkingar 1971 Mads Wiel Nygaards legat 1986 Årets heiderspris frå Litterært Forum Skien 1994 Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for den sjølvbiografiske romanen Ungdom

Verk Bøker 1963 Ringer i et sommervann, roman 1971 Dexter & dodater, prosatekstar 1971 Frakken tegner og forteller, prosalyrikk 1972 Nå er det jul igjen! og andre dikt, dikt 1973 Abel XIV, roman 1974 Blæsch og andre historier, forteljingar 1974 Eplehøst 1975 Fra feriehuset September, dikt og prosatekstar 1976 Barndom, sjølvbiografisk roman 1977 R. Fortellinger for nordmenn, forteljingar 1978 Da onkel Krokodille og fetter Bamse dro til byen, barnebok 1978 Kollvikabrev, epistlar 1978 Snekkerne kommer, biletbok 1979 Kelner!, dikt og tekstar 1979 Eventyrhagen, dikt for barn 1980 Skalden Odvar og andre svingslag, petit og dikt 1981 Abborfiske i Norge, reiseroman 1981 I avisen, roman, illustrert av Finn Graff 1982 Tomme bord, og, leste den andre veien: Epleslang, visebok 1982 På Geilo, sa Tom, novellesamling 1982 Reisen til Drammen 1982 Mil etter mil - Jostein Wilmann går i brudd, barnebok 1983 Flyvende fru Rosenkrantz 1984 Mr. Balubers trompet, dikt og tekstar 1984 Lille Per - og enda mer, barnebok 1985 Havet. Et dikt om livet og døden, dikt, illustrert av Bjørn Willy Mortensen 1986 Løp, Johan - vent!, roman 1987 Slemme Lars 1987 Onkel Monokkel og trommeslageriet, barnebok, illustrert av Hans Normann Dahl 1988 Giacomettis forunderlige reise, roman 1988 God dag og adjø. Ord og bilder i hverandre 1990 Barberstol & Tomater 1990 Jeg heter Arild, illustrert av Tor Bomann-Larsen 1991 Bilder. Reiser, epistlar og fortellingar 1991 Sorg er en pike, illustrert av Fam Ekman 1992 Tenk om!, illustrert av Finn Graff 1992 Nå er det jul igjen! - Tyve år etter,dikt 1992 Høst i august, dikt, prosadikt og viser 1993 Herr Blaas vakre verden, novelle, illustrert av Marek Woloszyn 1993 Ungdom, sjølvbiografisk roman 1994 Mort, fortellingar 1994 Noen, dikt 1995 Om livet i Lofoten, tekstar, fotografi av Kjell Olav Storvik 1995 Knapphuset, novellesamling 1995 ? Romanen Novellen, prosatekst 1996 Fra Lofoten til Cap Ferrat, epistlar 1997 Så lenge det er ørret er det håp, Arild, dikt og forteljingar 1997 Gullens drøm om en øy, roman 1998 Arilds hus, dikt 1998 Ensom dronning og andre dikt, dikt 2000 Sølvfiskene og andre eventyr (for voksne) 2001 Nøkken forteller, roman 2003 Krokodillesang, dikt for barn

Kjelder

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske kunstnarar Kategori:Forfattarar frå Oslo