mini|Teikning av Herschel
Herschel-teleskopet (engelsk: Herschel Space Observatory) er eit romobservatorium som observerte i det fjerninfraraude og i submillimetererdelen av det elektromagnetiske spektrumet, slik at det om lag dekte bølgjelengdintervallet 55-672 µm. Observatoriumet vart skote opp 14. mai 2009 frå Kourou i Fransk Guyana i lag med Planck-teleskopet, og var verksam i L2-punktet mellom jorda og sola.«A short Herschel mission overview» Vitja 19. februar 2009. ESA enda prosjektet 17. juni 2013.Herschel ends operations as orbiting testbed - ESA
Teleskopet har ein hovudspegel på 3,5 meter, noko som gjer det til det største romobservatoriumet som har vorte skote opp.«Herschel factsheet» Vitja 19. februar 2009.
Teleskopet er namnsett etter den tyskfødde engelske astronomen William Herschel, og studerte korleis stjerner og galaksar vart forma; og korleis dei held fram med å utvikla seg.
Bakgrunnsstoff Heimesida hjå ESA Herschel Science Centre
Kjelder
Kategori:Romobservatorium Kategori:Infraraude romobservatorium Kategori:Submillimeterteleskop