Rognsvågen er ein våg på nordaustsida av Fedje. Bruka som ligg på austsida av vågen er ein del av matrikkelgarden som har fått namn etter vågen. Staden vert i daglegtale ofte kalla Varden (varen) etter varden som står på Vardeskjeret like utanfor vågen.

Truleg har høgda ytst i vågen tidlegare vorte kalla Rogn og har gjeve namn til vågen. Rong kan tyde «krum» eller «langstrekt høgd».

Dei første folka som busette seg i Rognsvågen kom hit rundt 1810 med to familiar. I 1830-åra kom nye folk til garden og det er framleis ætt etter desse busette her i dag. Før denne tid har jorda truleg høyrt til Kopper og Eide.

Kjelder

Fotnotar

Kategori:Gardar på Fedje