Billy Higgins () var ein amerikansk jazztrommeslagar. Han spelte i rythm & blues- og rockegrupper i Los Angeles i 1950-åra, før han innleia samarbeid med musikarar som Don Cherry og Ornette Coleman.

Han heldt seg travelt oppteken i California på 60- og 70-talet, og på 80-talet var han ein ettertrakta studio- og live-trommeslagar. Han opptredde ofte med artistar som Cedar Walton, Clifford Jordan og Sam Jones.

Higgins vart til slutt prega av dårleg helse, han gjekk gjennom to levertransplantasjonar. I dei siste åra spelte han ofte med Charles Lloyd, og dei siste konsertane deira er gjevne ut på både CD og DVD.

Kjelder

Kategori:USA-amerikanske jazztrommeslagarar Kategori:Folk frå Los Angeles