Rennebu bygdemuseum er ei samling av museumsanlegg i Rennebu kommune i Trøndelag fylke som skal verne om og presentere materielle kulturminne frå bygda. Bygdemuseet har eit eige styre som har sitt utspring i Rennebu historielag.

Arbeidet med å utvikle eit bygdetun tok til i 1952, og i 1965 kunne den første delen av Rennebu bygdemuseum opne på garden Haugen. Rennebu bygdetun har vorte kalla hovudbruket i museumsavdelingane som utgjer Rennebu bygdemuseum.

Dei andre museumsanlegga er: Høylåven i Uvsløkkjaunet Butikkmuseet «Gammelbua på Voll» Nerskogsmuseet Randistuggu Skulemuseet på Voll

Kategori:Museum i Trøndelag Kategori:Rennebu kommune Kategori:Skipingar i 1965