Træsneset er ein gard og eit nes vest på Fedje, heilt sør i området kalla Vestkanten. Neset strekkjer seg ut i Bruvågen, på sørsida av innløpet til Husavatnet.
Namnet kjem av træ(de), som tyder inngjersle. Den første busetnaden på neset kom i 1860-åra. Jorda høyrte då til Børen, men i 1875 vart dette bruket delt i tre, og Træsneset fekk gardsnummer 171. Like før delinga skøytte Kahrs-familien, som då eigde heile Fedje, Træsneset til Fedje Torvkompagni for 100 spesidalar. I 1901 vart dette selskapet oppløyst og Fedje Torvbruk tok over, og frå 1909 vart garden i sjølveige.
Kjelder
Kategori:Gardar på Fedje