mini|Etterlysing etter den rømde slavejenta Harriet, seinare kjend som forfattaren Harriet Ann Jacobs. mini|Dansaren Harriet Hoctor i ein filmtrailer. Harriet er eit engelsk kvinnenamn danna av det franske Henriette, ei hokjønnsform av Harry. Opphavet til namnet er det tyske Henrik, med hokjønnsforma Henrikke, sett saman av ord som tyder 'heim' og 'herskar'.

Harriet har namnedag den 22. august i Noreg og svensk namnedag den 10. oktober.

Bruk Harriet kom først i bruk på 1600-talet og blei utbreidd i den engelsktalande verda i det neste hundreåret.

Bruken i USA har gått ned frå rundt 0,3 % rundt 1880 til 0,15 % ved 1900. Han steig til 0,20 % mot slutten av 1910-talet, men har sidan 1920 stort sett gått nedover.

Namnet kom til Skandinavia i byrjinga av 1800-talet. Ved folketeljinga i 1801 var det registrert to som heitte Harriet i Noreg, begge i ein familie i Mandal. Ved teljinga i 1865 var det 28 som heitte Harriet, 10 av dei i Oslo. Ved folketeljinga i 1875 var det 41 som heitte Harriet, 17 i Oslo. I 1900 blei det registret 503 som heitte Harriet, 221 i Oslo. Namnet var mest populært frå 1900 til rundt 1915, då rundt 0,2 % av nyfødde fekk namnet. Deretter har bruken gått jamnt nedover. I 2009 var det 813 norske kvinner som heitte Harriet.

Namneberarar Harriet Arbuthnot (1793–1834), engelsk dagbokskrivar og sosietetsleiar Harriet Martineau (1802–1876), engelsk forfattar og tenkjar Harriet Beecher Stowe (1811–1896), amerikansk forfattar kjend for Hytta hans farbror Tom Harriet Ann Jacobs (1813-1897), afroamerikansk forfattar kjend for Incidents in the Life of a Slave Girl Harriet Tubman (ca. 1820–1913), afroamerikansk slavefrigjerar Harriet Lane (1830–1903), førstedame i USA Harriet Backer, (1845–1932), norsk kunstmålar Harriet Quimby (1875–1912), amerikansk pionerflygar Harriet Bosse (1878–1961), norsk-svensk skodespelar Harriet Hoctor (1905–1977), USA-amerikansk dansar Harriet Andersson (f. 1932), svensk skodespelar Harriet Harman (f. 1950), britisk politikar

Annan bruk Hovudbelteasteroiden 1744 Harriet

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Harriet» frå , den 10. mars 2009.

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av engelsk opphav