Elin Ørjasæter () er ein norsk kommentator, forfattar, akademikar, redaktør og tidlegare hovudjeger.
Ørjasæter er cand.philol. med hovudfag i økonomisk geografi. Ho har vore informasjonssjef i bank, personaldirektør i Damm forlag (2005–2007), hovudjeger i tre ulike selskap, der ho mellom anna rekrutterte leiarar til Nasjonalmuseet, Nationaltheatret, Oslo Filharmoniske orkester, Nasjonalbiblioteket og Festspillene i Bergen.
Ho vart i 2004 kjend for utsagnet om at kvinner ikkje vert valde som toppleiarar fordi dei ikkje er villige til å ofre alt for jobben, og at dei manglar «killer-instinktet» som ein toppsjef må ha.
Ørjasæter har vore spaltist i økonominettavisa E24. I 2018 var ho redaktør i Arbeidsnytt.
Ho er også førstelektor ved Høyskolen Kristiania.
Ho har gjeve ut to barnebøker, i tillegg til Lederboka, hodejegerens beste tips som kom ut på Cappelen hausten 2008.
Ørjasæter er gift med den skjønnlitterære forfattaren Nils Gullak Horvei.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar