Rakovički potok (serbisk Раковички поток) er ei kort elv nord i sentrale delar av Serbia. Ho er om lag 8,5 km lang og ei sideelv til Topčiderka frå høgre. Heile elva renn i dei sørlegaste områda av Beograd, som ei av 40 elvar i og rundt byen, men i motsetnad til dei fleste av desse, renn ikkje Rakovički potok under jorda.
Elva spring ut på nordsida av åsen Torlak hill. Ho renn først sørover, men snur sidan nordvestover. Dei siste 300 metrane av elva er overbygd, og ho munnar ut i Topčiderka under industrikomplekset 21 Maj.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rakovički potok» frå , den 17. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Beograd — plan grada; M@gic M@p, 2006. ISBN 86-83501-53-1.
Kategori:Elvar i Serbia Kategori:Beograd