Studva (kroatisk; serbisk Studva eller Студва) er ei elv aust i Kroatia og nord i Serbia. Elva er 37 km lang og ei sideelv til Bosut frå høgre. Ho renn gjennom regionen Syrmia.
Studva spring ut frå myrene vest i Syrmia i Kroatia nær landsbyen Gunja. Ho renn sakte, meanderande og har danna fleire myrer. Studva renn eit stykke som grenseelv mellom dei to landa (18 km). Ved landsbyen Morović munnar ho ut i Bosut.
Elva drenerer eit område på 355 km² og nedslagsfeltet hennar høyrer til Svartehavet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Studva» frå , den 17. mars 2009.
Kategori:Elvar i Kroatia Kategori:Elvar i Serbia Kategori:Vojvodina