Johan H. Grimstad () frå Hareid på Sunnmøre var ein norsk komponist av korverk. Grimstad var også politikar, biletkunstnar, lyrikar, dirigent, solist, tekstforfattar og arrangør.

Oppvekst Johan H. Grimstad voks opp på Sørngarden på Grimstad i Hareidsdalen. Han var den eldste blant seks sysken, mellom andre Arnljot Grimstad. I Volda tok han lærerutdanning og byrja å skrive musikk.

Komposisjonar Hans kanskje mest kjende verk er mannskorsatsen «Høgt frå den himmelske klåra» som vart skriven i perioden i Volda. Grimstad-koret som vart starta opp på denne tida, hadde for ein stor del medlemer som anten budde på eller var av Grimstad-slekta. Koret hadde fleire TV-opptredenar på 1960-talet.

Elles spente Grimstads utgangspunkt for sine komposisjonar såvidt vidt som frå tekster i Salmane til Jim Reeves-slageren «I love you because».

Mannskoret Frendar har fleire Grimstad-komposisjonar på sin siste CD, Strö lite rosor.

Dirigent Grimstad var i ein lang periode dirigent for Hareid blandakor og Sunnmøre Kristelege Mannskor.

Dei fleste av korverka hans er utgitt på Norske Komponisters Forlag.

Han var æresmedlem av Norges Korforbund Sunnmøre.

Grimstad var engasjert i IOGT og høgnorskrørsla.

Lyrikk Kornet og freden (1980) Havet og samvitet (2003)

Kjelder

Teksten er kopiert og omsett frå Wikipedia på norsk bokmål. Møte med ein korhovding

Bakgrunnsstoff En korhøvding er gått bort Norges Korforbund Høgnorskforedrag i Sunnmøre Vestmannalag

Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske dirigentar Kategori:Folk frå Hareid Kategori:Målfolk