Finnesloftet er ein trebygning frå mellomalderen som står på garden Finne på Voss. Bygningen har lenge vore rekna som den eldste profane trebygningen i Noreg, men nyare dendrokronologisk gransking har funne andre trebyngingar i landet som er daterte til byrjinga av 1200-talet.«Tømmertest avslører fødselsåret», Aftenposten 16. oktober 2007.
mini|venstre|Finnesloftet - front mot nord.
Finnesloftet er mest truleg bygd sommaren 1295 eller kort tid etterpå. Det er eit hus i to høgder, bygd med liggjande tømmer i første høgda, og ståande konstruksjonar og stavverk i andre høgda. Veggene i andre høgda liknar vegger i stavkyrkjer, og det er ingen andre profane bygningar att i Noreg som er bygde på denne måten.
Finnesloftet høyrer til i dag Fortidsminneforeningen som kjøpte bygningen i 1891.
Referansar
Bakgrunnsstoff Fortidsminneforeningen i Bergen og Hordaland om Finnesloftet. Kulturnett.no om Finnesloftet. Om mellomalderbygningar frå web-utstillinga om Audun Hugleiksson, laga ved Statsarkivet i Bergen. Fant unik runeskatt på nabogården. Dagbladet. 13. juli 2020
Kategori:Byggverk i Voss Kategori:Kulturminne i Voss Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar Kategori:Turistmål i Vestland Kategori:Profane trebygningar frå mellomalderen i Noreg