Det pannoniske havet var eit grunt hav som dekte området som i dag er Den pannoniske sletta i Mellom-Europa. Det pannoniske havet eksisterte under pliocen, då tre til fire kilometer med sediment vart lagt ned i Det pannoniske bassenget.

Historie Det pannoniske havet var ein del av Paratethys fram til dei vart skilde frå kvarandre under siste del av miocen (rundt 10 millionar år sidan). Han vart knytt til Middelhavet.

Gjennom Đerdapsundet var Det pannoniske havet knytt til eit anna hav i det valakisk-pontiske bassenget. På det største strekte Det pannoniske havet seg sørover til det som i dag er sør i Serbia, og var knytt til Egearhavet via det som i dag er Preševodalen.

Det pannoniske havet eksisterte i om lag ni millionar år. Dei siste delane av havet forsvann midt i pleistocen, for om lag 600 000 år sidan, og etterlet Den pannoniske sletta. Restane av dei tidlegare øyane i havet vert i dag kalla Dei pannoniske øyfjella (Fruška Gora og Vršacfjella).

Sjå òg Paratethys Den pannoniske sletta

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pannonian Sea» frå , den 20. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Dragan Rodić, Geografija za I ili III razred srednje škole, Zavod za udžbenike i nastavna sredstva, Beograd, 1995.

Kategori:Historiske hav Kategori:Kroatisk historie Kategori:Serbisk historie Kategori:Ungarsk historie Kategori:Slovensk historie Kategori:Bosnisk historie Kategori:Austerriksk historie Kategori:Slovakisk historie Kategori:Tsjekkisk historie Kategori:Ukrainsk historie Kategori:Rumensk historie Kategori:Pliocen