mini|Tradisjonell seng og skjermar i Emmerson & Green Hotel i Zanzibar. Ekteskapet er ein svært viktig del av swahilikulturen. Det regulerer samliv, seksualitet og status, og blir sett på som ein obligatorisk del av livet åt ein swahili. Som i andre kulturar er tradisjonane under utvikling og det er ikkje alt som er slik det var før. Det er også stor variasjon mellom ulike delar av swahilikulturen. All swahilisk ekteskapstradisjon har likevel det islamske grunnlaget til felles. Sharialovene og Koranen med Muhammed som førebilete gjev spesifikke peikepinnar for korleis ein muslim skal leva, også når det gjeld ekteskapet.
Det er ikkje før ein har gifta seg at ein går over til å bli ein skikkeleg vaksen mann eller kvinne. Giftarmålet kan seiast å vera den siste overgangsriten for å bli vaksen, sjølv om ein også i ettertid må vise at ein er fruktbar og får born.
Føresetnader Innan muslimsk og dermed swahilisk kultur er det mannen som giftar seg med kvinna og ikkje omvendt. Før ein swahili kan gifta seg er det visse føresetnader som må oppfyllast.
Gifteklar alder mini|Son med far sin i Zanzibar på 1880-talet. Born kan trulovast, men ikkje giftast, i swahilikulturen.
Verken jenter eller gutar kan gifta seg som born. Dei kan «lovast bort», det vil seie at foreldra kan avtala at dei skal gifta seg, men born kan ikkje gifta seg. I swahilisk kultur er ein born fram til ein har komme i puberteten og har gjennomgått overgangsritane. Ein er ikkje heilt vaksen etter dette, men klar til å gifta seg. Ingen kan gifta seg utan å ha gått gjennom overgangsritane.:141 Overgangsritane vert generelt kalla unyago.
Jenta mini|Ung kvinne med jilbab på i Zanzibar. Ei jente går frå å vera born (mtoto) til å bli «ung jente» frå ho er 7 år til puberteten kring 14 år (kigori) og før overgangsseremonien «ung jente klar for overgang» (mwari, msichana eller mwanamwali) når ho får sin første menstruasjon, normalt i alderen 9 til 15 år. Ikkje lenge etter vil ho normalt flytta til ei kungwi (også kalla somo) som er ei lærarinne eller forstandar. Ho kan bu saman med kungwien frå ein månad til eit år, normalt 6 til 12 månader, eller kungwien kjem på besøk. Grunnen til dette er at jenta skal få privat undervisning for å førebu ho til kvinnetilveret, inkludert seksualundervisning. Denne førebuinga vert avslutta med eit kurs saman med andre jenter på myombo-staden som normalt er under eit tre, men kan også vera eit rom, hus eller hytte; hovudsaka er at det er privat og skjerma. Dette kurset varar opp til 7 dagar og inkluderer også seksualundervisning og dans. Etterpå har jenta gjennomgått overgangsritane og er gifteklar.
Guten Innanfor islamsk tradisjon er det vanleg å omskjera gutar. Dette vert anten gjort ved fødsel, eller det vert gjort ved overgangsritane. Gutar går gjennom overgansritane når dei har nådd puberteten mellom 9 og 16 år gamle. Dersom dei ikkje allereie er omskorne vil hovudpunktet i ritualet vera omskjeringa. Slik som jentene har gutane ei samling som også kan bli kalla unyago (eller jando), der dei får opplæring i seksualitet og korleis menn skal oppføra seg. Etter overgangsritane er gutane vortne menn som er klare til å gifta seg.
Muslim Vanlegvis giftar swahiliar seg med muslimske syskenborn (born av mor eller far sine sysken). Sidan borna blir sett på som mannen sin eigedom kan ikkje ei swahilikvinne gifta seg med ein ikkje-muslimsk mann fordi barna då vil kunna bli ikkje-truande og dermed ikkje frelste. Slik blir det til at swahilimenn kan gifta seg med ikkje-muslimske kvinner, medan swahilikvinner ikkje kan gifta seg med ikkje-muslimske menn (i dag hender det også at swahilikvinner giftar seg med ikkje-muslimske menn). Det er likevel ikkje kva som helst ikkje-muslim ein swahilimann kan gifta seg med. Ho må vedkjenna seg ei tru under Al-Kitab (Boka), altså jødedom eller kristendom. I tillegg til dette må dei som giftar bort kvinna eller skal gi sitt samtykke til at ho giftar seg vera muslimske. Alle andre må konvertere til islam for å kunne gifta seg med ein swahili.
Kven kan gifta seg med kven Ein som ikkje kan reprodusera seg kan heller ikkje gifta seg. Skulle eit giftarmål likevel bli gjennomført er det automatisk annullert dersom det blir oppdaga til dømes at partnaren er steril. Dette gjeld særleg dersom kvinna ynskjer eigne born, mannen kan eventuelt ta ei kone til å få born med.
Islamsk lov Swahili kultur er islamsk, swahiliane må difor følgja islamsk lov omkring ekteskap. Denne inneber mellom anna at menn kan gifta seg med opp til 4 kvinner, medan kvinner berre kan vera gift med ein mann. Ein mann kan ikkje gifta seg med dei han er nært i slekt med, det vil seia: mor si dotter si systera eller halvsystera tanter eller halvtanter (både på farssida og morssida) dottera eller syskenbarnet åt syster si mor åt kona si bestemor åt kona si ei kvinne som har vore gift med far hans ei kvinne som har vore gift med sonen hans dotter åt ei kvinne som han har vore gift og hatt samleie med ei kvinne som har amma han.
Ekteskap mellom barn av systrer er lov, men blir helst ikkje utført fordi det kan vera ulovleg sidan systrer kan amma barna til kvarandre og ved sjukdom eller død ta over som forelder. Eit ekteskap kunne då bryta regel nr. 3. Born av ei mor bør heller ikkje gifta seg med barnebarn av hennar syster.
I tillegg skriv El-Busaidy at «koneutveksling», der to menn giftar døtrene sine til kvarandre (ndoa ya shighar) ikkje er lovleg. Heller ikkje mellombels ekteskap, det vil seie ekteskap som er førehandsbegrensa til eit kortare tidsrom skal vera lovleg, men dette gjeld nok for «Shafii-sunni»-delen av Islam og ikkje fullt så mykje for sharifu. Middleton (1992) melder at sharifumenn brukar slike ekteskap med ikkje-sharifukvinner. Menn kan heller ikkje vera gift med kvinner som er nære slektningar til kvarandre samtidig, til dømes to eller fleire systrer eller ei kvinne og tanta hennar.
Profeten Muhammed let syskenbarnet sitt, Ali, gifta seg med dottera si, Fatima. Dette blir sett på som eit godt utgangspunkt for kva som er bra giftarmål.
Ekteskapsformer Ekteskap i swahilisamanheng er meir som rammer for korleis menn og kvinner kan ha seksuell kontakt og eventuelt bu saman. Det er berre ndoa ya rasmi-ekteskap som er slik ekteskap blir oppfatta i norsk/vestleg samanheng. Når føresetnadane er til stades kan swahilimenn velja mellom fleire ulike ekteskapsformer, nokre er lovlege andre er mindre likte og blir tildels sett på som ulovlege. Kva ekteskapsform som blir brukt varierer mellom anna etter om mannen allereie er gift, kva status han har, kva status den potensielle brura har og kvar i swahililand han og brura kjem frå.
Lovlege (ndoa) Ndoa kjem frå kuoa som tyder å gifte. Ndoa-ekteskap er lovleg ekteskap etter islamsk og tradisjonell lov . Det er fleire former for ndoa-giftarmål:
Ndoa ya rasmi er eit «offisielt» giftarmål som skal registrerast av ein dommar (khadi), predikant/prest (khatibu) eller muslimsk lærar (mwalimu). Dette er den vanlege forma å gifta seg første gong, med familiane sitt samtykke, og bryllaup. Ektemakane blir vanlegvis valde av foreldra. Ekteparet vil normalt få ei offisiell ekteskapskontrakt der mellom anna den offisielle medgifta er registrert. Giftarmålet skal vitnast av minst to vitne (shahidi). Ndoa ya siri er eit hemmeleg giftarmål som blir gjort utan at familiane åt brureparet er informert, eventuelt heller ikkje kone/koner som mannen har frå før. Eit slikt ekteskap blir utført av ein mwalimu med minst to vitne, og involverer ingen gåver frå nokon av partane. Brura er nesten alltid fråskild eller av lågare status, det vil seie ei kvinne som ikkje ville bli akseptert av ektemannen sin familie. Dette er vanlegvis eit ekteskap der ektemakane vel kvarandre. Mellombels ndoa ya siri giftarmål (ndoa ya mut'a) som er førebestemt at berre skal vara eit kort tidsrom blir praktisert av «stormenn»/«aristokratiet» (sharifu) som giftar seg med kvinner av lågare status, eller som er utanfor den aristokratiske slekta. Slike ekteskap kan inngå i «hypergami» og treng ikkje markerast med bryllaup. Dette blir sett på som ulovleg av shafii-sunni-delen av islam. Koranen (kap. 4: 26) opnar for at menn kan ha konkubiner i tillegg til dei 4 offisielle konene, dette blir kalla suria. Suria omhandlar slavinner. I dag har dette til ein viss grad blitt omdefinert til ei opning for å ha ei form for lovlege «elskarinner». Dette er ikkje ndoa, men blir heller ikkje alltid sett på som heilt ulovleg. Suriaekteskap inneber ikkje noko bryllaup.
Ulovlege (harimu) Ulovleg samliv er ikkje ndoa. Dette inkluderer seksuelt samliv med nyleg skilde eller forlatne kvinner, prostituerte og menn. Slike samliv er ikkje uvanlege, heller ikkje homoseksuelle forhold, men dei blir sett ned på. Dersom dei ikkje blir utført diskré og med moderat frekvens kan det også føra til sanksjonar.
Førebuing Kor mykje eit ekteskap og bryllaup blir førebudd vil naturlegvis variera mykje etter kva ekteskap som skal inngåast. Kor staselege og store bryllaupa er, vil vera avhengig av kor mykje ressursar familiane til ektemakane, og eventuelt ektemakane sjølve har til rådvelde.
Før i tida vart både jenter og gutar gifte ganske unge, særleg jenter kunne bli gift kort tid etter at dei var komne inn i puberteten og hadde gjennomgått overgangsritane. I dag er ektemakane normalt ferdig på skulen og i midten av tenåra før dei giftar seg.. Det er forventa av ein swahili at han giftar seg dersom han kan. Dei muslimske profetane er førebilete ettersom alle utanom Jesus (Nabii Isa Bin Maryamu) gifta seg, og Jesus gifta seg ikkje fordi han døydde ung.
Val av ektemake Første ekteskapet for swahiliar er normalt eit ekteskap arrangert av foreldra. Skilsmisser er ikkje unormalt, og har ei kvinne allereie vore gift reknar ein ho normalt som så moden at ho sjølv kan velja ektemaken sin.
Ekteskapet, særleg det første, om det er arrangert av foreldre eller ektemakane sjølve, vil normalt vera del av ein langsiktig strategi for å sikra slekt, leveveg og avkom. Ein mann må difor finne seg ein ektemake som er av liknande status og leveveg, ei kvinne han har råd til å ta seg av. Difor er også polygami vanlegare mellom dei meir ressurssterke.
Kven foreldra vel til ektemake for ein mann vil variera med kva samfunnslag eller -slekt familien er av. Det som er felles er at ekteskapet vil inngå i ein strategi for å gje slekta gode forbindelsar og sjå til at arv går den rette vegen. Både jenter og gutar kan ha ynskje om kven dei vil gifta seg med, dersom dei ikkje allereie er lova bort i veldig ung alder, men slike ynskje vil normalt ikkje vega så veldig tungt. Til sjuande og sist kan uansett både jente og gut seie nei til å bli gift i bryllaupet.
Dersom ein mann allereie har ein eller fleire ektemakar og vil ha ein til, må han konsultera seg med desse først dersom han vil ta med kona heim. Det er ikkje alltid lett å få fleire kvinner til å leva i samliv og konkubiner blir av denne grunn oppfatta som ei god løysing. Andre løysingar kan innebera at kvar kone har sin eigen heim.
Aristokratane