Dirty Work er det 18. studioalbumet til The Rolling Stones (eller 20. amerikanske album). Det kom ut 24. mars 1986 på Rolling Stones Records. Det vart produsert av Steve Lillywhite og vart innspelt i ein periode der forholdet mellom Mick Jagger og Keith Richards var dårleg. Albumet vert ofte trekt fram som det verste albumet dei laga.

Albumet inneheldt ein hit, «Harlem Shuffle», og hadde med fleire gjesteartistar som Tom Waits, Jimmy Page, Patti Scialfa og Bobby Womack.

Innspeling Innspelinga starta i april 1985 i Paris og pågjekk i to månader, før dei tok ein kort pause. Mick Jagger hadde nettopp gjeve ut det første soloalbumet sitt, She's the Boss, til Richards sin store irritasjon, som meinte at Jagger ikkje la nok innsats inn i bandet, men fokuserte meir på solokarrieren. Jagger var ofte borte frå innspelinga, medan Richards i lag med Ronnie Wood, Bill Wyman og Charlie Watts gjorde grovarbeidet. Vokalen til Jagger vart lagt på seinare. Skiljet mellom Jagger og Richards vart tydeleg 13. juli 1985 då Jagger spelte solo på Live Aid, medan Richards og Wood spelte akustisk gitar for Bob Dylan på same konsert.

Charlie Watts medverka heller ikkje stort. I 1993 fortalte han Ed Bradley på 60 Minutes at han i 1980-åra var avhengig av heroin og alkohol og at dette medførte at han vart erstatta av andre trommeslagarar på både Undercover og Dirty Work. Steve Jordan og Anton Fig speler begge trommer på nokre av songane, medan Ronnie Wood spelar trommer på «Sleep Tonight».

Fire av dei åtte originale songane på albumet er tilskriven Jagger/Richards/Wood og ein til Jagger/Richards/Chuck Leavell. Berre tre er tilskriven Jagger/Richards, det lågaste talet sidan Out of Our Heads (1965). Dirty Work er det første Rolling Stones-albumet der Richards syng solovokal på meir enn ein song («Too Rude» og «Sleep Tonight»).

12. desember 1985 døydde brått Ian Stewart, eit av medlemmene som grunnla the Rolling Stones og som hadde spelt piano og vore turnemanageren deira sidan den gong. Han vart 47 år gammal. Til minne om venen deira la dei til eit skult spor på slutten av albumet der Stewart spelar Big Bill Broonzy sin «Key to the Highway».

I mars 1986 vart coverversjonen av «Harlem Shuffle» gjeven ut som singel, den første hovudsingelen deira frå eit studioalbum som ikkje var tilskriven Jagger/Richards sidan tidleg i 60-åra. Singelen fekk grei mottaking og nådde 13. plass i Storbritannia og 5. plass i USA. Oppfølgjaren var «One Hit (to the Body)», som nådde Topp 30.

Mottaking Dirty Work vart gjeven ut ei veke etter «Harlem Shuffle», og nådde fjerdeplass i Storbritannia og USA, og tredjeplass i Noreg. Kritikarane var ikkje like entusiastiske. Enkelte meinte at Jagger hadde spart dei beste songane for soloalbumet sitt, og at songane på Dirty Work rett og slett ikkje var gode nok. Denne haldninga har ikkje endra seg særleg i nyare tid, noko som truleg kjem av mangelen på sterke songar og den plastiske 80-talsproduksjonen.

Innhald

Medverkande The Rolling Stones Mick Jagger – solo- og korvokal, munnspel Keith Richards – elektrisk og akustisk gitar, piano, korvokal; solovokal på «Too Rude» og «Sleep Tonight» Ronnie Wood – elektrisk, akustisk og pedalsteelgitar, tenorsaksofon, korvokal; trommer på «Sleep Tonight» Bill Wyman – bassgitar, synthesizer Charlie Watts – trommer

Andre medverkande Chuck Leavell – klaverinstrument Ivan Neville – korvokal, bassgitar, orgel, synthesizer Jimmy Page – elektrisk gitar på «One Hit (To the Body)» Bobby Womack – korvokal, elektrisk gitar på «Back to Zero» Philippe Saisse – klaverinstrument Anton Fig – shakers John Regan – bassgitar på «Winning Ugly» Dan Collette – trompet Ian Stewart – piano Marku Ribas – perkusjon Jimmy Cliff, Don Covay, Beverly D'Angelo, Kirsty MacColl, Dolette McDonald, Janice Pendarvis, Patti Scialfa og Tom Waits – korvokal

Produksjon Lydteknikar: Dave Jerden, Steve Parker Assisterande lydteknikar – Tom Crich, Mike Krowiak Innspeling i Pathe Marconi Studios Paris Miksa i R.P.M. og Right Track Studios N.Y.C. Kunstnarisk leiar og design – Janet Perr Kunstnarisk leiar og fotografi – Annie Leibovitz Kunst inne i omslaget – Mark Marek

Salslister

Vekeslister Liste (1986)PlasseringAustralske Kent Music Report2Den austerrikske albumlista4Canadian RPM Albums Chart2Den nederlandske albumlista1Den franske SNEP-listaNote: user must select 'The Rolling Stones' from drop-down.9Den tyske Media Control-lista2Den italienske albumlista3Den japanske Oricon-lista6Den newzealandske albumlista3Noreg - VG-lista3Den spanske albumlista 2Den svenske albumlista4Den sveitsiske albumlista1UK Albums Chart4US Billboard 2004

Singlar ÅrSingelListePlassering1986«Harlem Shuffle»The Billboard Hot 1005Mainstream Rock Tracks2Hot Dance Music/Club Play4Hot Dance Music/Maxi-Single Sales5UK Top 100 Singles13«One Hit (To the Body)»Mainstream Rock Tracks3The Billboard Hot 10028UK Top 100 Singles80«Winning Ugly»Mainstream Rock Tracks10

Årslister Liste (1986)PlasseringDen australske albumlista23Den austerrikske albumlista28Den kanadiske albumlista20Den nederlandske albumlista28Den franske albumlista26Den italienske albumlista21US Billboard 20079

Salstrofé

Bakgrunnsstoff Dirty Work på rollingstones.com

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dirty Work (album)» frå , den 26. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1986 Kategori:Album produserte av Steve Lillywhite Kategori:Album produserte av The Glimmer Twins Kategori:Columbia Records-album Kategori:Rolling Stones Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Sveits