Sæbø kyrkje står i grenda Sæbø i Alver kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1884. Ho er teikna av byggmeister Karl Askeland.

Den noverande kyrkja er den tredje ein kjenner til på Sæbø. Den fyrste er nemnd i kjeldene i 1329. Ein trur at dette var ei stavkyrkje. Mellomalderkyrkja vart avløyst av ei tømra kyrkje i 1634. Ho fekk stå til like før den noverande kyrkja vart innvigd i 1884.

Sæbø kyrkje høyrer til Radøy sokn i Nordhordland prosti.

Kjelder Norges Kirker: «Sæbø kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking Jubileumsskrift om Sæbø kyrkje på nettstaden til Radøy sokn

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Radøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Radøy kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Alver Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1884 Kategori:Kulturminne i Alver