Bruvik kyrkje står i Bruvik søraust på øya Osterøy i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1867. Kyrkja vart ført opp etter Frederik Hannibal Stockfleth sine teikningar til Fusa kyrkje. Byggmeister Ole Vangberg gjorde ymse endringar og tilpassingar av teikningane for kyrkjebygget i Bruvik.

Det har vore kyrkje i Bruvik sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Bruvik sokn nemnd i kjeldene er frå 1340. Bruvik-kyrkja er òg nemnd i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei lafta kyrkje tidleg på 1600-talet. Denne stod til 1866 då ho vart riven.

Bruvik kyrkje er soknekyrkje i Bruvik sokn i Åsane prosti. Bruvik høyrde fram til 1869 til Haus prestegjeld. Då vart Bruvik saman med Stamnes sokn skilde ut som Bruvik prestegjeld. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld.

Kjelder Bruvik kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Bruvik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Osterøy kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Osterøy Kategori:Kyrkjer i Åsane prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Frederik Hannibal Stockfleth Kategori:Kulturminne i Osterøy Kategori:1867 i Noreg