Haus kyrkje står på Haus i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1874. Kyrkja er teikna av Ole Vangberg, medan Askild Aase og Mikjel Svenheim var byggmeistrar.

mini|Altar og altartavle

Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen. Haus-kyrkja er nemnd i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Dette var truleg ei stavkyrkje som vart avløyst av ei lafta kyrkje i 1613. Denne andre kyrkja hadde truleg liknande utforming som Hamre kyrkje, og stod til etter at den noverande kyrkja var ferdig.

Haus kyrkje er soknekyrkje i Haus sokn i Åsane prosti. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld.

Kjelder Haus kirke frå Norges Kirker/NIKU og KA

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Haus sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Statens Kartverk Register over kyrkjebøker frå Hordaland på mikrofilm frå dei gamle nettsidene til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Osterøy kommune på nettstaden slektogdata.no

Kategori:Kyrkjer i Osterøy Kategori:Kyrkjer i Åsane prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Ole Vangberg Kategori:Kulturminne i Osterøy Kategori:1874 i Noreg