Bergsdalen kyrkje står på Liatreet i Bergsdalen i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei mura langkyrkje frå 1955.
Arkitekt for bygget var Leiv Tvilde. Inventaret er frå byggeåret eller seinare, og Leiv Tvilde teikna også alteret, døypefonten og preikestolen. Altertavla er frå 1968 og er eit triptykon laga av Ole Gabriel Dahl.
Bergsdalen kyrkje er soknekyrkje i Bergsdalen sokn i Hardanger og Voss prosti. Kyrkja er den fyrste på staden, og før dei fekk henne, sokna folk i Bergsdalen til Evanger kyrkje på Voss.
Kjelder Norges Kirker: «Bergsdalen kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Bergsdalen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Vaksdal kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Vaksdal Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1955 Kategori:Kulturminne i Vaksdal