Aiolos er namnet på to personar i gresk mytologi og dikting.

I Odysseen er Aiolos vindguden som heldt til på ei drivande øy. Av Aiolos får Odyssevs ein sekk med dei fire vindane i. Mennene til Odyssevs lurer seg til å opne sekken medan han ligg og søv og det kjem ein storm som fører skipet tilbake til Aiolos. Odyssevs ber om hjelp på ny, men Aiolos jagar han bort i sinne.

Aiolos son av Hellen I greske segner er Aiolos son av Pyrra og Hellen, som igjen er soneson av Prometevs. Aiolos var i segnene herskar i Thessalia og vart rekna som stamfar for aiolerane, den eine av tre stammer som hellenarane frå gammal tid var delt inn i.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Aiolos» frå , den 10. april 2009.

Kategori:Greske gudar Kategori:Vindgudar Kategori:Odysseen Kategori:Gresk mytologi