Pensacola er ein by i delstaten Florida i USA. Byen ligg nordvest ved Pensacola Bay og er heimehamn til mange av skipa i den amerikanske marinen. Pensacola er òg fylkessete for Escambia County. Byen har om lag 54 312 innbyggjararVed folketeljinga i 2020. fordelt på 58,8 km².

Pensacola er ei sjøhamn med tilgang til Mexicogolfen som er verna av barriereøya Santa Rosa. Marineflybasen her er den eldste og største kontinuerlege i USA. Han er heimebase for flydemonstrasjonsgruppa Blue Angels og National Naval Aviation Museum. University of West Florida ligg nord for sentrum i byen, som også huser Pensacola Christian College og Pensacola State College.

Historie Byen blei fyrst busett av Det spanske imperiet i 1559, seks år før skipinga av St. Augustine. Han blei forlaten på grunn av ein kraftig orkan og ikkje busett att før i 1698.

Dei opphavlege innbyggjarane i Pensacola Bay-området var ein muskogeansk-talande stamme spanjolane kjende som pensacola. Dette namnet blei ikkje skrive ned før i 1677, men det verker som om stammen var kjelda til namnet «Pensacola» for bukta og dermed også byen. Muskogeefolk kom jamleg frå dagens Sør-Alabama for å driva handel, så folk her var del av eit større regionalt og tilmed kontinentalt nettverk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pensacola, Florida» frå , den 23. juli 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Florida Kategori:Busetnader grunnlagde i 1559