«All Day and All of the Night» er ein song av det britiske bandet The Kinks frå 1964. Songen vart gjeven ut på singel og nådde andreplassen på den britiske singellista og sjuandeplassen i USA.

Som den førre singelen deira, «You Really Got Me» støttar songen seg på eit enkelt powerakkord-riff, men er på denne songen hakket meir komplisert, og har ein ein H-akkord etter akkordane F og G. Elles har songen liknande rytme og struktur, korvokal, progresjon og gitarsoloar som «You Really Got Me». Songen vart plassert på 57. plass på Pure Pop si liste over dei 100 beste singlane gjennom tidene.

Songen var òg tittelsporet på ein EP som vart gjeven ut i enkelte land. I Storbritannia kom songen ut på EPen Kinksize Hits, medan han i USA kom på albumet Kink-Size.

Salslister Liste (1964)PlasseringUS Billboard Hot 1007

Andre utgåver The Stranglers gjorde ei utgåve i 1988 som nådde sjuandeplassen på den britiske singellista. The Remains spelte òg songen. Denne vart gjeven ut på albumet A Session with The Remains. Andre som har spelt songen er the Zodiacs (1965), Quiet Riot (1995) og Status Quo (2003)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «All Day and All of the Night» frå , den 15. april 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Shel Talmy Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:The Stranglers-songar Kategori:Scorpions-songar Kategori:Television Personalities-songar Kategori:Quiet Riot-songar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Ray Davies-songar Kategori:The Knickerbockers-songar