Meža er ei 43 km lang elv i Koroška i Slovenia. Ho har kjelde i Austerrike nær fjellet Olševa, og forsvinn under jorde ein kilometer frå kjelda, før ho dukkar opp att i Koprivna nær Črna na Koroškem i Slovenia. Ho er ei sentral elv i Mežicadalen. Elva renn gjennom Črna na Koroškem, Mežica, Prevalje og Ravne na Koroškem og munnar ut i Drava ved Dravograd. Den første delen av Meža har eit stort fall og med sideelvane sine frå Kamnik-Alpane og Karavankane er ho ei typisk fjellelv. Etter Črna na Koroškem vert ho ei sakte, meanderande låglandselv. Den største sideelva hennar er Mislinja, som munnar ut i Meža berre nokre få hundre meter før ho sjølv munnar ut i Drava.
Meža er kjend som den mest forureina elva i Slovenia. I 1982 skreiv låtskrivaren og songaren Marijan Smode ein song om elva kalla «Mrtva reka» («Den døde elva»). Songen vart til og med trykt i skulesongbøker. Den største forureiningskjelda har vore Ravne stålverk.
Bakgrunnsstoff Interaktivt kart på geopedia.si
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Meža» frå , den 19. april 2009.
Meza Kategori:Elvar i Austerrike