Sava Bohinjka er ei av kjeldeelvane til Sava nordvest i Slovenia.

Ho er 31 km lnag og er den kortaste av to kjeldeelvar som renn saman og dannar Savar i Radovljica. Den andre er den 45 km lange Sava Dolinka. Sava Bohinjka spring ut nedanfor Komarčaryggen i ei høgd på 805 meter over havet, frå kjelder i Triglavvassdalen. Fram til ho når Bohinjsjøen vert elva kalla Savica ('vesle Sava') og her finst den 60 meter høge Savicafossen.Baedeker, Karl (1879) «Terglou: The Valley of the Wocheiner Save» The Eastern Alps: Including the Bavarian Highlands, the Tyrol, Salzkammergut, Styria og Carinthia (4th ed.) Dulau og Co., London, s. 353, OCLC 4018143 Ho renn så gjennom Ukanckløfta, der Savica kraftverk er bygd med ein kapasitet på 3 MW. Ho renn frå Bohinjsjøen som Sava Bohinjka gjennom Bohinjska Bistrica, Bohinjska Bela og nær Bledsjøen, før ho møter Sava Dolinka nær Radovljica.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sava Bohinjka» frå , den 20. april 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Slovenia