mini|Store Bloksen
MS «Sleipner» var ein katamaran, bygd hjå Austral Ships, Pty Ltd i Australia i 1999 for HSD Sjø saman med systerskipet MS «Draupner».
Båten var 42 m lang, 12,5 m brei. Byggekostnaden var 50 millionar kroner. På andre dekk var det plass til 45 passasjerar i røykesalongen og 136 passasjerar utanom det. Tredje dekket hadde 26 plassar i VIP-salongen og 152 plassar til utanom. I alt hadde fartøyet sertifikat for 358 passasjerar.
Historie Skipet ankom Bergen som dekklast 6. mai 1999 og vart innført i Skipsregisteret 19. august same året. Dagen etter var det dåpsseremoni i Bergen og den 25. august 1999 gjekk jomfruturen til Stavanger. «Sleipner» gjekk så i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger.
Den 26. november 1999 grunnstøytte MS «Sleipner» i dårleg vêr på Bloksene ved Ryvarden fyr i Sveio kommune i Hordaland på grunn av feilnavigering. Fartøyet sokk og 16 personar omkom, inkludert éin frå mannskapet. 69 personar vart redda av kring ti-tolv fartøy som kom til unnsetning. Kapteinen vart sidan dømd til seks månader betinga fengsel for aktløyse, medan reiarlaget vart frikjend.
I mars 2000 vart baugpartiet heva av dykkarfartøyet «Regalia», medan eit forsøk på å heva skroget vart avbrote. I august same året vat skroget heva av «Eidelift 2» og frakta til Aker Stord på Leirvik. I 2001 vart det frakta til Høylandsbygd, før det i juli 2004 vart frakta til Hanøytangen på Askøy for opphogging.
Ruter i Noreg 25. august 1999 - 26. november 1999: Flaggruten (Stavanger - Bergen)
Kjelder
Bakgrunnsstoff Sleipner-kommisjonens sluttraport (NOU 2000:31)
Kategori:Norske katamaranar Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Australia Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1999 Kategori:1999 i Noreg Kategori:Forlis i 1999 Kategori:Forlis i Vestland