Småbåtregisteret samlar inn, samordnar og systematiserer data om fritidsbåtar, herunder opplysingar om båt, motor og eigartilhøve.

Registeret vert nytta ved identifisering av båtar og båteigarar i saker som gjeld tjuveri, skadeverk og ulykkar på sjøen. Det vert òg nytta til å legitimere eigedomsrett ved sal av fritidsbåt.

Registeret vart innført som ei obligatorisk ordning ved lov som trådde i kraft desember 1997.Ikrafttredelse av kapittel II i lov 19. august 1994 nr. 57 om registrering av fritids- og småbåter. Registreringsplikten vart oppheva desember 2002,Lov om fritids- og småbåter., kap. 2 slik at registrering i småbåtregisteret no er ei frivillig ordning. Likevel kan registrering likevel vere eit krav som forsikringsselskapet set som vilkår for å forsikre fritidsbåtar.

Småbåtregisteret vert no ført av Redningsselskapet. Dei som vil stå registrerte, må betale eit årleg gebyr.

Kjelde Om småbåtregisteret på NSSR sine heimesider

Referansar

Kategori:Redningsselskapet Kategori:Norske offentlege register