«The Village Green Preservation Society» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks. Songen er skriven av Ray Davies og er ein nostalgisk refleksjon på den kulturelle livsstilen på den engelske landsbygda og nemner fleire trekk ved dette, som Tudor-hus og fatøl. Samstundes er teksten negativ til moderne, industrielle rekk som kontorblokker og skyskraparar.

Songen er opningsspor på The Kinks Are the Village Green Preservation Society, og set temaet for stort sett resten av albumet. I følgje AllMusic er det òg den mest kjende songen frå albumet.

Songen har vore ein del av konsertane til The Kinks. Songen inspirerte til slagordet til bandet, «God Save the Kinks».

Mottaking

«The Village Green Preservation Society» har generelt fått god omtale. Rolling Stone trekte fram vokalen i songen og skreiv at «melodien, rytmen er ein fryd på kvart vers».

Songen var den andre singelen i Amerika frå The Kinks Are the Village Green Preservation Society (etter «Starstruck»), men gjekk ikkje inn på salslista.

Medverkande Ray Davies – solovokal, gitar, klaverinstrument Dave Davies – akustisk gitar, korvokal Pete Quaife – bassgitar, korvokal Mick Avory – trommer

Andre versjonar Songen er blitt spelt av visesongaren Kate Rusby og kom ut som bonusspor på albumet Awkward Annie i 2007. Versjonen vart spelt inn som kjenningsmelodi til den britiske situasjonskomedien Jam and Jerusalem.

Ray Davies sjølv spelte inn ein versjon med Crouch End Festival Chorus for albumet The Kinks Choral Collection i 2009.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Village Green Preservation Society» frå , den 8. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:The Kinks-songar Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Folkrock-songar Kategori:Engelske patriotiske songar Kategori:Songar om nostalgi