Jørn Lund () er ein dansk språkforskar. Han var professor i dansk språk ved Danmarks Lærerhøjskole frå 1980.

Lund var direktør i Det Danske Sprog- og Litteraturselskab 2002-2011. Han vart sjefredaktør i Den Store Danske Encyklopædi i 1991–2001, og har vore direktør i det danske forlaget Gyldendal. Han har vore leiar for to språkpolitiske utval oppnemnd av kulturdepartementet.

Han har vore medlem i Det Danske Akademi frå 1989, m.a. som sekretær. Han er òg medlem i Dansk Sprognævn, og korresponderande medlem i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Lund har skrive fleire bøker.

Kjelder

Kategori:Danske språkforskarar Kategori:Danske professorar Kategori:Danske redaktørar Kategori:Medlemmar av Det Danske Akademi Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det Norske Akademi Kategori:Vinnarar av Holberg-medaljen Kategori:Folk frå Viborg