Opedal skule er ein barneskule på Lofthus i Hardanger. Skulen har per 2009 61 elevar.

Skulen tek elevar frå området som har Lofthus til postadresse, og er den einaste av skulane i Ullensvang som ikkje har behov for skuleskyss, bortsett frå til nokre få 6-åringar.

Elevane er grupperte i fire grupper, med kontaktlærar til kvar gruppe. Det er i 2009 14 tilsette på skulen.

Opedal skule har både SFO og skulebibliotek.

Kjelder

Skulen si heimeside Ullensvang herad si nettside om skulen

Kategori:Barneskular i Vestland Kategori:Skular i Ullensvang