Asyut er ein by i midtre Egypt. Han er hovudbyen i Asyut guvernement og har rundt 390 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Nilen, midtvegs mellom Aswan og Kairo, og er eit viktig senter for handel og industri. Asyut har høgast del koptiske innbyggjarar av dei egyptiske byane.

Oldtid O34:G39 w t:O49 zawty med hieroglyfar Byen blei kalla Zawty i det gamle Egypt og var eit lokalt administrasjonssenter. Staden blei omtalt som Syut rundt 2100 f.Kr. Grekarane kalla han Lykopolis, 'Ulvebyen', truleg på grunn av dyrking av gudar med ulvetilknyting. Anubis, som ofte blei framstil med sjakalhovud, og Wepwawet, ofte framstilt som ein ulv, blei dyrka her.

Moderne tid mini|Asyut-demninga. Asyut-demninga nord for byen blei bygd som den første over Nilen i 1902. Han blei teikna av den britiske ingeniøren William Willcocks, som også stod bak den første Aswandemninga.

Universitetet i Asyut blei grunnlagd i 1957 og er eit av dei største universiteta i Egypt utanfor Kairo.

Asyut lufthamn har avgangar til fleire gulfstatar.

Kjende bysborn Gamal Abdel Nasser, den andre presidenten av Egypt Shenouda III av Alexandria, pave og partiark av den koptiske kyrkja Ahmed Lutfi el-Sayed, egyptisk nasjonalist

Kjelder

Asyût i Caplex

Denne artikkelen bygger på «Asyut» frå , den 17. mai 2009.

Kategori:Byar i Egypt Kategori:Asyut guvernement Kategori:Byar ved Nilen