Verbbøying i fulfulde Verbet på fulfulde blir bøygd i dei åtte grammatiske kategoriane i TABELL 1. Til venstre står namna på dei grammatiske kategoriane og til høgre dei ulike grammatiske trekka i kvar kategori.

TABELL 1 Kategori Trekk Tal (numerus) eintal (singularis), fleirtal (pluralis) Modus indikativ, imperativ Aspekt perfektiv, imperfektiv; habitualis, progressiv, stativ Anterioritet anterior, ikkje-anterior Diatese aktiv, medium; passiv Polaritet positiv, negativ Konjunktivitet fri, konjunkt Emfase nøytral, emfatisk

Indikativ-formene av verbet LOOTA 'vaske' i dialekten i Fuuta Tooro er presenterte i TABELL 2, med dei formene vi finn når subjektet er ein nominalfrase. Trekka nøytral og positiv er ikkje nemnde i tabellen, men alle former som ikkje er karakteriserte som emfatiske, er nøytrale; og alle former som ikkje er karakteriserte som negative, er positive. TABELL 2 viser dessutan berre former som er ikkje-anterior. Anterior-formene er presenterte i TABELL 3.

TABELL 2 Aktiv MediumPassiv Perfektiv Fri lootii lootiima lootaama Perfektiv Konjunkt looti lootii lootaa Perfektiv Emfatisk loot looti loota Perfektiv Negativ lootaani lootaaki lootaaka Imperfektiv Fri Habitualis lootat loototo lootete Imperfektiv Fri Progressiv no loota no lootoo no lootee Imperfektiv Fri Stativ no looti no lootii no lootaa Imperfektiv Konjunkt lootata loototoo lootetee Imperfektiv Negativ lootataa lootataako / loototaako lootataake / lootetaake Imperfektiv Negativ Stativ lootaa lootaako lootaaka

Kategori:Fulfulde