Willy og Willi er kortformer av namn som byrjar på Wil- eller Willi- som kan brukast som mannsnamn og kvinnenamn. Det er særleg kjend som ei engelsk kortform av mannsnamnet William, som opphavleg er danna av namnedelane wil, 'vilje, ønske' og helm, 'hjelm', men kan også vera nederlandske eller tyske kortformer for andre namn, som Willem eller Willibrand.
Willy har namnedag i Noreg den 28. mai.
I Tyskland var Willi og Willy utbreidde namn for gutar fødde først på 1900-talet. Det kan òg skrivast Villy og Willie. Will, Bill og Billy er andre engelske kortformer av William.
Namneberarar Willy Brandt (1913–1992), tysk politikar Willi Hennig (1913–1976), tysk biolog Willi Graf (1918–1943), tysk opposisjonell Willie Nelson (f. 1933), USA-amerikansk countrymusikar Willi Storn (f. 1936), norsk-austerriksk kunstnar Willy Pedersen (f. 1952), norsk forskar og professor Willy Ørnebakk (f. 1960), norsk sametingspolitikar Per Willy Aaserud (f. 1969), norsk trompetist Per-Willy Amundsen (f. 1971), norsk politikar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Willy» frå , den 27. mai 2009.
behindthename.com
Kategori:Mannsnamn Kategori:Kvinnenamn Kategori:Kortnamn Kategori:Førenamn av engelsk opphav Kategori:Tyske førenamn Kategori:Nederlandske førenamn Kategori:USA-amerikanske førenamn Kategori:Tvikjønna namn