Dino Zoff () er ein italiensk tidlegare fotballkeeper og -trenar. Han var kaptein for Italia då landet under VM i fotball 1982 vann sin tredje VM-tittel.
Karriere som spelar Zoff spelte 112 landskampar og deltok i fire verdsmeisterskap. I 1982 krona han den 22-årige karrieren som 40-åring ved å vinne VM i Spania. Han er den eldste fotballspelaren som er blitt verdsmeister (per 2009).
Zoff sette fleire rekordar i løpet av karrieren, mellom anna spelte han i perioden frå 20. september 1972 og 15. juni 1974 heile 1143 minutt på landslaget utan å sleppe inn mål. For klubben Juventus spelte han kvar einaste seriekamp 330 serierundar på rad. Han spelte i alt 570 Serie A-kampar.
Trenarkarriere Som trenar vann Dino Zoff UEFA-cupen 1989/90 med Juventus. Seinare trente han Lazio og Fiorentina. Etter VM 1998 overtok han treneransvaret for det italienske landslaget etter [Cesare Maldini, og to år seinare tok Italia sølv i EM. Etter tapet (1-2) mot Frankrike på Golden Goal trekte han seg som landslagstrenar same kveld. Etterfølgjaren til Zoff vart Giovanni Trapattoni.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dino Zoff» frå , den 31. mai 2009.
Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Italienske fotballtrenarar Kategori:Udinese-spelarar Kategori:Mantova-spelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Målvakter i fotball Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1968 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982