Lodve Solholm () er ein norsk politikar for FrP, og fylkesmann i Møre og Romsdal frå 2009 til 2018.

Solholm tok lærarskuleeksamen i 1972 og tok statsvitskap grunnfag ved Høgskolen i Molde i 1995.

Han var etatsjef for opplæring, kyrkje og kultur i Ørskog kommune 1995-1997 (permisjon frå 1997).

Han vart innvald på Stortinget frå Møre og Romsdal i 1989. Han var president i Lagtinget i perioden 2001-2005. Som stortingsrepresentant var han medlem i Løvebakken mållag. Solholm vart i statsråd 19. desember 2008 utnemnd til ny fylkesmann i Møre og Romsdal, han tok over embetet Ottar Befring då stortingsperioden gjekk ut. Solholm er styreleiar i Nynorsk kultursentrum og var styreleiar i Allkunne AS 2014-2016.«Lodve Solholm» i Allkunne, innhenta 15. september 2021.

Stortingets presidentskap 1997–2001: 2. varapresident i Stortinget 2001–2005: president i Lagtinget 2005–2009: 2. varapresident i Stortinget

Stortingskomitear 1989–1993 nestleiar av Samferdselskomiteen fra 11. januar 1991, medlem av Kommunal- og miljøvernkomiteen til 11. januar 1991, sekretær for Valkomiteen 1997–2001 nestleiar av Kommunalkomiteen, medlem av Fullmaktskomiteen 2001–2005: medlem av Næringskomiteen, varamedlem av Den utvida utenrikskomiteen, 2. nestleiar av Fullmaktskomiteen, varamedlem av Valkomiteen 2005–2009: leiar av Kontroll- og konstitusjonskomitéen, 1. nestleiar av Fullmaktskomiteen

Kommunalpolitisk aktivitet Medlem av Ørskog kommunestyre 1977–1979, 1979–1983, medlem Ørskog formannskap 1983–1987, 1987–1989 Medlem av Ålesund bystyre 1999–2003, 2003–2007, 2007–2011, varaordførar 2007–2011

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lodve Solholm» frå , den 3. juni 2009.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Solholm ny fylkesmann i Møre og Romsdal Stortinget.no – Biografi Framstegspartiet – Biografi

Kategori:Folk frå Vestnes Kategori:Folk frå Ørskog Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Fylkesmenn i Møre og Romsdal Kategori:Målfolk