Spellemannprisen 1983 vart delt ut våren 1984. For fyrste gong vart prisen og vandretrofeet Årets spellemann delt ut. Prisen vart oppretta som ei utmerking til artistar som hadde prega musikkåret utover sjangerklassane. The Monroes vart dei fyrste som kunne kalle seg Årets spellemann og fekk i tillegg prisen i pop-klassen for debutalbumet Sunday People. Dei vart såleis også dei fyrste som vann meir enn éin pris under same utdeling. Jahn Teigen fekk heidersprisen frå juryen dette året, medan plateprodusenten Eirik Wangberg fekk bransjeprisen.
Vinnarar Klasse Artist Tittel Pop The Monroes Sunday People Rock Beranek X Ray Folkemusikk/gammaldans Tone Hulbækmo Kåmmå no.... Jazz Masqualero Masqualero Klassisk musikk/samtidsmusikk Grex Vocalis Renessanse for kor Visesong Lars Klevstrand/Hege Tunaal med Ålesund Kammerensemble Kirans viser Open klasse Steinar Ofsdal Hat Trick Barneplate Knutsen & Ludvigsen Juba Juba Årets spellemann The Monroes Sunday People Spesialpris: heiderspris frå juryen Jahn Teigen Bransjepris som plateprodusent Eirik Wangberg
Kjelder Nettstaden ifpi.no
Kategori:Spellemannprisen Kategori:1984 Kategori:Musikk i 1983 Kategori:Musikk i 1984