Olav Lofthus () var ein norsk målmann og redaktør.
Lofthus vart fødd i Ullensvang i 1847. Han vart uteksaminert frå lærarskulen på Stord. Lofthus skaffa seg i tillegg store kunnskapar ved sjølvstudium. Han arbeidde for folkeopplysning i bygdene m.a. gjennom folkehøgskulen. Han dreiv folkehøgskule i Vikøy saman med presten Unger, og seinare på Halsnøy saman med Wollert Konow (SB) og Niels Juel. Frå 1870 skreiv han i Bergens Tidende, to år seinare vart han medredaktør i avisa. Han beheldt denne stillinga til han døydde.
Lofthus var venstremann og ein av stiftarane av Bergens venstreforening. Han var også med i Vestmannalaget. Som høvesdiktar vart han mykje nytta. Posthumt kom i 1894 samlinga Sange og Digte, utgjeven av Bolette C. Pavels Larsen.
Olav Lofthus, som døydde i Bergen, var far til målaren Arne Lofthus.
Sjå også Store Norske Leksikon om Olav Lofthus Bilete, kort artikkel og tekstar av Lofthus på Ivar Aasen-tunet
Lofthus, Olav Lofthus, Olav Lofthus, Olav Lofthus, Olav