Kolbrandstad stavkyrkje står på Kolbrandstad i Hølonda i Melhus kommune i Trøndelag fylke, og er ei stavkyrkje frå 2000. Kyrkja er bygd som ein kopi av Haltdalen stavkyrkje som står på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim. Ho vart bygd på dugnad og er eigd av Kolbrandstad stavkyrkjelag.
Haltdalstavkyrkja stod opphavleg i Haltdalen i Holtålen kommune, og er frå siste halvdel av 1100-talet. Kolbrandstad stavkyrkje står på den gamle kyrkjestaden på Kolbrandstad, der det var kyrkje frå mellomalderen fram til midten av 1600-talet. Ved kyrkja er det ein freda kyrkjegard frå mellomalderen.
Bygget er vigsla til bruk for Den norske kyrkja og det vert halde to gudstenester i henne årleg. Det plar verte halde påskemesse i kyrkja kvar påskeafta og i august vert det halde ottesong i samband med starten på pilegrimsvandringa til Skaun kyrkje. Det vert også halde gjennomsnittleg to bryllaup i henne i året. I tillegg arrangerer Den katolske kyrkja i Noreg vesper i kyrkja fyrste sundagen i september.
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Hølonda kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sør-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket Bilete av kyrkja på nettstaden holanda.no
Kategori:Kyrkjer i Gauldal prosti Kategori:Kyrkjer i Melhus Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 2000 Kategori:Nye stavkyrkjer