Nikolaj Aleksejevitsj Kasatkin () var ein russisk kunstmålar som er rekna som ein av grunnleggjarane av sosialrealismen i russisk kunst.

Bakgrunn

mini|venstre|Portrett av N.A. Kasatkin. Vasilij Perov, 1876.

Kasatkin var son av ein gravør og litograf.Biografi ved artsait.ru.

I tida 1873-83 studerte han under Vasilij Perov og Illarion Prjanisjnikov ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.Biografi ved RusArtNet. Sjølv underviste han ved same lærestaden frå 1894 til 1917. Frå 1891 var han medlem av Peredvizjnikij-gruppa. I 1903 blei han medlem av Det russiske kunstakademiet. I 1922 melde han seg inn Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland (AkhRR - Assoziazija chudoshnikow Rewoljuzionnoi Rossii).

Virke

I si første tid måla Kasatkin sjangerbilete. Han vigde seg så til å skildre livet til arbeidarane og gruvefolket i Donetsk-bekkenet, til dømes gruvearbeidaren. Mellom dei fremste verka frå denne tida er Trekkdyret (1885), Gruvearbeiderske (1894) og Skiftombyte (1895). Desse måleria bygger på inntrykk frå nokre reiser i Donetsk-bekkenet samt Ural, som han gjennomførte i åra frå 1892 til 1897.

Inntrykk frå den revolusjonære tida 1905/07 kjem til syne i bilete som Arbeidarkampar (1905) og Arbeidersker stormar ein fabrikk (1906). Med desse og andre verk vart Kasatkin ein vegbrøytar for den sosialrealistiske stilretninga.

I tida mellom 1906 og 1910 reiste han i det europeiske utland. Desse reisene førte han til Finland, Noreg, Sverige, Italia og til Tyrkia. Etter oktoberrevolusjonen tok Kasatkin del i den kulturelle og samfunnsmessige omveltinga i heimlandet. Han døydde i 1930 i fødebyen Moskva.

Galleri

Portrett

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nikolai Alexejewitsch Kassatkin» frå , den 15. juni 2009.

Kategori:Russiske målarar Kategori:Folk frå Moskva Kategori:Realistiske kunstmålarar Kategori:Peredvizjniki