Børsa kyrkje står i Børsa i Skaun kommune i Trøndelag fylke, og er frå 1857.

Arkitekt for bygget, som er i tre, var Christian Heinrich Grosch. Kyrkja er ei langkyrkje der hovudskipet er orientert vest-aust med portalar i vest, sør og nord. Tårnet står i vest og koret er i aust. Koret har runda avslutting. Det er bygd til eit sakresti til dåpsfolk austom koret.

Kyrkja er soknekyrkje i Børsa kyrkjesokn i Orkdal prosti.

Inventar Altertalvla Altertavla er frå kring 1730 og er måla av Sigismundus Wagner. Motivet er Jesu siste måltid med følgjesveinane. Tavla stod opphavleg i Krosskyrkja i Bergen og vart flytt til Børsa kyrkje i 1859.

Kyrkjeklokker Det er to kyrkjeklokker i kyrkja. Begge er laga av Baklandets støberi, den eine i 1908 og den andre i 1910.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Børsa kirke hos Skaun kyrkjelege fellesråd

Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Prestegjeld og sokn i Sør-Trøndelag» hos Arkivverket (har òg kyrkjebøker)

Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Kyrkjer i Skaun Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Kulturminne i Skaun Kategori:1857 i Noreg