Erling Johan Pettersen ( er ein norsk teolog, prest og biskop i Stavanger bispedøme 2009–2017. Han tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1977 og praktisk-teologisk eksamen i 1979. Same året vart han ordinert til prest. Frå 1977-79 var han tilsett som lærar ved universitetet i Oslo, og var teologisk konsulent ved Diakonhjemmets sosialskole. Frå 1979 arbeidde han som konfirmasjonskonsulent i Kyrkjerådet. I 1985 vart han misjonsprest for Det norske misjonsselskap i Brasil. I perioden 1989-1996 var han instituttstyrar ved IKO. Frå 1996 til 2006 verka han som direktør i Kyrkjerådet. Frå 2006-07 hadde han ei prosjektstilling ved Det praktisk-teologiske seminar. Frå 2007 og fram til bispeutnemninga var han sokneprest i Nordstrand meinigheit i Oslo.

Han har vore styreleiar i misjonsorganisasjonen Areopagos, styremedlem i Det praktisk-teologiske seminar, og leidde utforminga av KRL-faget i 1994-95.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Pettersen ny biskop i Stavanger. Pressemelding frå Regjeringa.no.

Kategori:Norske prestar Kategori:Biskopar i den norske kyrkja Kategori:Norske teologar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Biskopar av Stavanger