The Who Sell Out er det tredje albumet til det engelske rockebandet The Who, gjeve ut i 1967 av Track Records i Storbritannia og Decca Records i USA. Det er eit konseptalbum, sett saman som ei samling av sjølvstendige songar med falske reklamar og tenestemeldingar mellom. Albumet gjer seg ut for å vere piratradiostasjonen Radio London. Ein del av den tilsikta ironien med tittelen var at The Who faktisk lagde reklamar i denne perioden av karrieren, og nokre av desse er med som bonusspor på den nymastra CD-utgåva.

Då albumet kom ut følgde visstnok ei rekkje søksmål sidan verkelege produkt var nemnde i dei falske reklamane, samt at desse produkta var vist på plateomslaget. I 2003 vart albumet plassert på 113. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Albumet Plateomslaget er delt inn i fire med bilete tekne av David Montgomery av kvart bandmedlemm, to på framsida og to på baksida. På framsida er Pete Townshend med ein gigantisk deodorant av merke Odorono, og Roger Daltrey som sit i eit badekar fylt med Heinz baked beans medan han held ein gigantisk hermetikkboks av same merke. Roger Daltrey skal visstnok ha fått lungebetennelse av å sitte lenge i badekaret sidan bønnene hadde vore kalde før dei vart tømd oppi.BBC News - Roger Daltrey's concert conundrum På baksida finn ein Keith Moon som smør på Medac frå ein enorm tube, medan John Entwistle i ei Tarzan-drakt av leopardskinn klemmer ei blond kvinne i ein leopardsskinnsbikini med ein arm og ein teddybjørn med den andre (ein reklame for eit Charles Atlas-treningsprogram omtalt i ein av dei falske reklamane på albumet).

Rockekritikar Dave Marsh hevdar i Before I Get Old (ei sogen om The Who) at dette var det første popalbumet nokon gong som ikkje trykte innhaldet på plata på omslaget. Dette er derimot ikkje korrekt sidan debutalbumet til Moby Grape seks månader før innehar denne tittelen.

«I Can See for Miles» vart gjeven ut som singel og nådde tiandeplassen i Storbritannia. Townshend, som skreiv songen, var sikker på at han ville nå toppen av lista og vart skuffa. Han mista trua på seg sjølv når det gjaldt å skrive hitsinglar, og valde i staden å fokusere all energien sin på å skrive tematiske album, noko som resulterte i Tommy:

«Rael» er eit utdrag frå eit av dei første forsøka til Pete Townshend på ein rockeopera. Handlinga kjem ikkje klårt fram frå utdraget, men involverer tilsynelatande helten «Captain» som vert sviken av mannskapet sitt under eit hemmeleg forsøk på å redde Rael frå ein komande invasjon av Red Chins. Det dramatiske instrumentalpartiet inneheled musikalske element som dukka opp i både «Sparks» og «Underture» på Tommy. Som tidlege utgåver av The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band endar Sell Out med ei låst vinylrille som går i ei sløyfe, i dette tilfellet ein a cappella jingel for Track Records.

Albumet er kjend for at Roger Daltrey ikkje er solovokalist på dei fleste songane, og syng berre på tre songar, «Tattoo», «I Can See for Miles» og «Rael». «Heinz Baked Beans», «Medac» og «Silas Stingy» er sungne av John Entwistle; «Odorono», «Our Love Was/Is», «I Can't Reach You» og «Sunrise» av Pete Townshend; medan Daltrey og Townshend deler vokale på resten av songane.

I 2009 kom ei dobbel CD-utgåve av albumet ut.

Innhald

Medverkande The Who Roger Daltrey - solovokal Pete Townshend - gitar, kor- og solovokal («Odorono,» «Our Love Was,» «I Can't Reach You,» «Sunrise,» «Rael Naive,» «Jaguar,» «Glittering Girl») John Entwistle - bass, blåsarar («Armenia City in the Sky», «Someone's Coming», «Top Gear»), kor- og solovokal («Medac,» «Silas Stingy,» «Summertime Blues,» «John Mason's Cars,» «Glittering Girl») Keith Moon - trommer, solovokal («Jaguar», «Girl's Eyes,» «John Mason's Cars»)

Andre medverkande Al Kooper - orgel («Rael 1», «Mary Anne with the Shaky Hand (alternativ versjon)») Speedy Keen - vokal («Armenia City in the Sky») Teknisk Kit Lambert - produsent, lydteknikar Damon Lyon-Shaw - lydteknikar Jon Astley and Andy Macpherson - lydteknikarar (1995-ommaster) David Montgomery - fotografi David King og Roger Law - design Adrian George - psykedelisk plakat-design Richard Evans - 1995- og 2009 design og kunstnarisk leiar

Salslister Album ÅrListePlassering1967UK Chart Albums131968Billboard Pop Albums48

Singlar ÅrSingelListePlassering1967«I Can See for Miles»Billboard Pop Singles9UK Singles Charts10

Bakgrunnsstoff Tekstar Gitartabulator The Who Sell Out - tekst i plateomslag - song for song

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Who Sell Out» frå , den 27. juni 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Who-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Album produserte av Kit Lambert Kategori:Konseptalbum Kategori:Track Records-album Kategori:Kunstpop-album Kategori:Power pop-album Kategori:Engelske psykedeliske rockealbum Kategori:Album spelte inn i IBC Studios Kategori:Album spelte inn i Gold Star Studios 115 316