mini|Ouverturen til Egmont av Beethoven, skriven til eit skodespel av Goethe.

Ouverture (fransk for 'opning' eller 'forspel') er eit musikkstykke som vanlegvis er skrive som eit orkesterforspel til ein opera, skodespel eller anna dramatisk verk. Ouverturen består ofte av sitat frå resten av musikken i operaen, musikalen eller skodespelet (eit døme er ouverturen til Elverhøi av Kuhlau). Men ein del ouverturar er tematisk heilt frittståande, som Mozart sin ouverture til Figaros bryllup og Rossini sin til Barbereren i Sevilla. Ein del ouverturar er også skrivne som sjølvstendige verk, som 1812-ouverturen til Tsjajkovskij.

Sjå òg Preludium

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ouverture» frå , den 29. juni 2009.

Kategori:Komposisjonar for symfoniske orkester Kategori:Operaterminologi Kategori:Komposisjonar etter musikkform Kategori:Franske ord og uttrykk