Gryllefjord kapell er ei langkyrkje i tre som står i Gryllefjord i Senja kommune i Troms.

Byggverket vart reist i 1902 og har 150 sitjeplassar. Kapellet er tømra, utanom nordveggen som er kledd i eternitt.

Bygget vart reist som bedehus og sidan vigsla som kapell. I 1938 vart det påbygd. Preikestolen og døypefonten er frå det året og vart laga av Olav Flakstad. Utanfor kapellet står ein bauta til minne om ein tragedie under den andre verdskrigen, i 1943, då 13 fiskarar omkom på Svennsgrunna utanfor Senja.

Gravplass Gravplassen for området ligg i Ballsvika, over fjella nordaustom Gryllefjord.

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Torsken kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Troms» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Senja prosti Kategori:Kyrkjer i Senja Kategori:Norske kyrkjer frå 1902 Kategori:Torsken Kategori:Kulturminne i Senja