Cocio Chokolademælk A/S er ein dansk produsent av sjokolademjølk etablert i 1951. Sjokolademjølka skal ifølgje produsenten ikkje innehalde tilsetningsstoff, jamvel om mange av produkta har ein haldbarheit på over eitt år. Det noverande fabrikklokalet ligg i Kjersing nord for Esbjerg, er om lag 8 000 kvadratmeter stort, og vart teke i bruk i 2002.
Cocio Chocoladmælk vert eksportert til Noreg, Sverige, Tyskland, Spania og USA.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cocio» frå , den 2. juli 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Danske føretak Kategori:Skipingar i 1951