Erik Theodor Werenskiold () var ein norsk kunstmålar og teiknar. Han er best kjend for teikningane til dei norske folkeeventyra og illustrasjonane til Snorres Kongesoger, eit samarbeid som han leidde.

Liv og karriere mini|venstre|Erik Werenskiold teikna av Christian Krohg ca. 1891 mini|Erika Nissen måla av Erik Werenskiold ca. 1890 Faren var kommandant ved festninga i Kongsvinger, og Erik voks opp der. Han tok til å studere i 1872, men byrja kort tid etter i teikneundervisning hos Julius Middelthun ved Den kongelige norske Tegneskole i Christiania etter råd frå Adolph Tidemand. Han budde i München 1875-79, og i Paris 1881–83.

I 1883 flytta Werenskiold heim til Noreg. Han gjorde fleire bilete av norske bønder og landbrukslandskap, og portrett av kjende personar som Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Han hadde byrja å laga eventyrillustrasjonar allereie medan han var i München. Han illustrerte Norske folke- og huldreeventyr i 1879, og fortsette saman med Theodor Kittelsen med Eventyrbog for Børn i tre band i perioden 1882–1887. Med si særmerkte samansmelting av røyndom og fantasi sette dei ein standard for avbilding av dei norske eventyra. Werenskiold har og illustrert Jonas Lie Familien paa Gilje (1903), og laga veggdekorasjonar med motiv frå eventyret Liti Kjersti til Fridtjof Nansen sin villa Polhøgda på Lysaker. Her utforma han også låsebeslag og anna.

Erik Werenskiold hadde sønene Werner Werenskiold (1883–1961) og Dagfin Werenskiold (1892–1977). Werner vart geolog, medan Dagfin vart målar og bilethoggar.

Werenskiold fekk i 1908 Statens kunstnarløn og vart i 1935 tildelt Storkorset av St. Olavs orden.

Bakgrunnsstoff Bilete av Erik og Dagfin Werenskiold i O. Værings kunstarkiv

Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske målarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Fødde i 1855 Kategori:Døde i 1938 Kategori:Folk frå Eidskog Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund