«Slip Kid» er ein song av The Who frå albumet deira The Who by Numbers i 1975. Han vart gjeven ut som singel i USA i 1976. «Slip Kid» var skriven av Pete Townshend for rockeoperaen hans Lifehouse. Ein demo av songen vart gjeven ut på The Lifehouse Chronicles. «Slip Kid» vart òg gjeven ut på samlealbuma The Story of The Who (1976), Hooligans (1981) og 30 Years of Maximum R&B (1994).
Songen vart spelt nokre gongar på konsertar i Europa og Amerika i 1976 før han ikkje vart spelt igjen før 2008.
Slip Kid er òg namnet på eit hyllestband til The Who, danna av Gary Cherone frå Extreme og Van Halen.
Medverkande Roger Daltrey — solovokal Pete Townshend — elektrisk gitar, korvokal John Entwistle — bassgitar, korvokal Keith Moon — trommer Nicky Hopkins — piano Ikkje oppført — perkusjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Slip Kid» frå , den 4. juli 2009.
Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:The Who-songar Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Polydor Records-singlar