er ein serie skapa av Satoshi Tajiri i 1995. Videospelselskapet Nintendo eig serien. Serien vart opphavleg gjeven ut på Game Boy, og er no den mest suksessfulle videospelserien etter Mario. Sidan har det vorte laga anime, manga, samlekortspel, bøker og mykje anna i pokémonserien.

Om pokémonar Pokémonar er skapningar som ofte minner om dyr eller objekt i den verkelege verda. Opphavleg var det 151 ulike slag pokémonar, men no er dei meir enn 1000. I denne verda fangar ein pokémon med pokéballar. Dei fleste pokémonar kan utvikle seg. Når dei gjer det, vert dei nesten alltid sterkare. Pokémonar utviklar seg i steg, i motsetnad til dei fleste dyr i vår verd. Dette kan minne på larver, som vert pupper og so fivreld. Denne utviklinga går i steg, og ikkje meir gradvis, som ein kan sjå med ekte evolusjon som hos menneske.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nintendo Kategori:Oppdikta skapningar