Geir Axelsen () er ein norsk Ap-politikar. Han var statssekretær i Finansdepartementet i Regjeringa Stoltenberg II. Han er utdanna cand.oecon. i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo (1994) og Master of Public Administration frå Harvard University (2003).
Han vart fyrste gong tilsett som embetsmann i Finansdepartementet i 1997, og seinare vart han mellom anna underdirektør i finansavdelinga (1999–2005). Før han vart statssekretær arbeidde han som ambassaderåd med ansvar for økonomiske og finansielle saker i den norske EU-delegasjonen i Brussel frå august til oktober 2005.
I den partipolitiske karrieren sin har han vore partisekretær i Oslo Arbeidarparti (1994–1997), nestleiar i sentralstyret i AUF (1989–1992), leiar av AUF i Oslo (1987–1988) og fylkessekretær for AUF i Oslo (1985–1987).
Kjelder Knut Olav Åmås [red.]: «Axelsen, Geir» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008) «Geir Axelsen» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 28.06.2009. «Statssekretær Geir Axelsen» – biografi hjå Finansdepartementet.
Kategori:Norske sosialøkonomar Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Politikarar frå Oslo