Heparin er ein mukopolysakkarid frå mastceller i leveren. Han verkar som ein antikoagulant, eit lækjemiddel som hindrar blodlevring, eller koagulasjon, særskilt i venene. Middelet vert nytta for tromboseprofylakse.
Heparin må injiserast inn i blodet (intravenøst) for å verka, sidan det er eit komplisert molekyl som ikkje kan takast opp i tarmen.
Handelsnamn i Noreg
Hepaflex, Baxter AS Heparin, LEO Pharma AS
Bakgrunnsstoff
Preparatomtaler - Statens lækjemiddelverk Felleskatalogen - Felleskatalog over farmasøytiske spesialpreparat marknadsført i Noreg
Kategori:Lækjemiddel Kategori:Akuttmedikament