Leiv Mjeldheim () var ein norsk historikar. Fagområdet hans var særskilt norsk politisk historie og partitilhøve.
Liv og virke
Mjeldheim var fødd i Haus (no i Bergen). Han vart magister i statsvitskap i 1953, og arbeidde som utanriksmedarbeidar i Bergens Tidende mellom 1956 og 1966. Han vart universitetslektor ved Universitetet i Bergen i 1966, og var professor same stad 1975–1996.
Dei viktigaste verka til Mjeldheim som historikar var tre store band om historia til Venstre, det fyrste frå etableringa til 1940 – Parti og rørsle, så Folkerørsla som vart parti. Venstre få 1980-åra til 1905 og deretter Den gylne mellomvegen. Tema frå Venstres historie 1905 – 1940. Han skreiv også ein studie av partiet under valskipnaden av 1905/06: Parti og rørsle. Ein studie av Venstre i landkrinsane 1906-1918. Boka er detaljrik og veldokumentert med grunnlag i kjelder frå ei rekkje arkiv, både lokalt og nasjonalt.
Mjeldheim skreiv lokalhistoriske studiar og leidde arbeidet i Arna bygdeboknemd.
Mjeldheim var dessutan forfattar og medforfattar til fleire lærebøker i samfunnsfag og politikk.
Utvalde verk Ministeriet Konow 1910–12. Ein studie i parlamentarisme og partipolitikk (1955) Politiske prosessar og institusjonar (1969) Det politiske system (1971) Parti og rørsle (1978) Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905 (1984) Den gylne mellomvegen (2006)
Kjelder
Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi